Me er YSO
Ytre Sunnhordland opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringskontor som skal hjelpe
og støtte lærlingane og medlemsbedriftene gjennom læretida.
YSO har ansvar for at lærlingane får den opplæringa dei har
krav på ute i lærebedriftene.
Rekruttering av elevar til yrkesutdanninga og lærlingar til medlemsbedriftene er også ei av hovudoppgåvene. Dette gjer
me i tett samarbeid med ungdomskular, vidaregåande skular og fylkeskommunen.
YSO har over 120 lærlingar knytt til kontoret. Medlemsbedriftene
er lokalisert på Stord, i kommunane Stord og Fitjar.
Ola Dahl Andersen
Daglig leirar og Opplæringskonsulent
Ola har tre fagbrev på veggen og nærmar seg 20 års erfaring innan fag- og yrkesopplæring. På fritida er han frivillig mannskap på redningsskøyta, noko som er hans største hobby.
E-post: ola.dahl.andersen@yso.no
Tlf: 917 29 489
Merethe Framnes Steinsbø
Opplæringskonsulent
Merethe har utdanning innan språk og allmennfag, lang erfaring med oppfølging av unge arbeidstakarar og ein stor lidenskap for Liverpool.
E-post: ola.dahl.andersen@yso.no
Tlf: 917 29 489
Hermod Kirkeli
Representant lærlingar
Hermod er representant for lærlingane i styret, og skal følgje opp at opplæringskontoret sikrar at alle som har opplæring har det bra og får rett opplæring. Dersom det oppstår noko uregelmentert i læretida kan
du ta kontakt med Hermod.
E-post: Hermod.Kirkeli@vlfk.no
Tlf: 408 06 309
Styret
Kontakt oss
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om læretid, medlemskap eller samarbeid. Me hjelper både lærlingar, medlemsbedrifter og samarbeidspartnarar.