Det er mogeleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis i faget.
YSO gir tilsette i medlemsbedriftene tilbod om hjelp til vurdering av behov for teori og praksis, oppmelding til teoriprøve og oppmelding til praktisk prøve (fagprøva)
Fagopplæringskontoret i fylket har den endelege godkjenninga av teori og praksis.
Kven kan bli praksiskandidat?
§ 3-5 i opplæringslova gir personar med lang praksis innan eit yrke rett til å gå opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat/privatist.
Krav til praksis:
Kravet er at praksisen skal vera 25 prosent lengre enn fastsett læretid i faget. Praksisen skal dokumenterast gjennom attestar frå arbeidsgjevar. Det må framgå av attesten kor lenge du har hatt arbeidsoppgåver relatert til det faget du skal opp i.
Krav til teori:
Det er ikkje krav om at ein må ha gjennomført vidaregåande skule, men du må som hovudregel ha bestått ein tverrfagleg teoretisk eksamen i faget før du kan melda deg opp til den praktiske prøven. Kompetansebevis for bestått teori skal leggjast ved oppmeldinga til fagprøva.
I einskilde høve kan teorieksamen erstattast av realkompetanse.