Ungdom under 21 år som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring har rett til tre års videregåande opplæring. Opplæringa skal føra fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller delkompetanse.
Hovudmodellen for lærlingordninga er to år i videregåande skule og 2 år opplæring i bedrift.
Enkelte fag kalla avviksfag eller særløpsfag har andre ordningar. YSO har ingen avviksfag eller særløpsfag.
Fylkeskommunen kan gi løyve til å ta all praktisk opplæring i bedrift. Då teiknar ein lærekontrakt rett etter ungdomsskolen eller etter Vg1. I løpet av læretida må lærlingen bestå teoretiske eksamenar på samme nivå som øvrige lærlinger, også i allmennfaga.
Vaksne over 21 år kan teikne lærekontrakt sjølv om ein ikkje har bakgrunn frå skule slik hovudmodellen krev. Vaksne lærlingar har 6 månader prøvetid i bedrifta. Læretida er i eit fleirtal av faga 4 år. Det gis godskriving i læretida etter spesielle reglar. Manglande teori må tas i løpet av læretida. Ein må ha bestått teorieksamen før fag-/svenneprøve kan avleggjast.