Lærling i IKT-servicefaget

Så og sei alt arbeid, alle varer og alle tenester er støtta av ulike IKT-verktøy. Verksemder er avhengig av at system verkar og at ein får hjelp når systema ikkje verkar slik dei skal.

Med eit fagbrev i IKT-servicefaget skal du vere skikka til å ta del i heile livssyklusen til systemet. Du arbeider med nyutvikling, drift og vedlikehald av eksisterande system og brukarstøtte. Å drifte system er noko av det mest utfordrande ein kan halde på med i IT bransjen. Det er først når ting ikkje verkar slik ein ynskjer du kjem i kontakt med brukaren. Då må du handtere store og små kriser på ein profesjonell og korrekt måte. Alt frå ein flåte av skip utan tilgang til systema sine, gjenoppretting av data frå disksystem eller sjefen som har sletta ein e-post ved eit uhell.

Godkjente lærebedrifter for ikt-servicefaget