Konstruksjon
Sveising

Lærling i Aluminiumskonstruksjonsfaget

Aluminium er eit fantastisk materiale. Det er sterkt, lett og formbart og difor heilt unikt til konstruksjonar som blir utsett for store naturkrefter. For å kunne bygge i aluminium må ein kunne heilt spesielle teknikkar. Ein må opparbeide ei forståing av materialet heilt frå botn av. Aluminium smeltar lett og har karakteristikkar som er heilt annleis ein jern, stål og andre metall. Forståinga av metallet er i stadig utvikling. Nye teknikkar for ekstrudering, sveising, maskinering, samanføyingsteknikkar, overflatebehandling og elektrolyse vert stadig utvikla.

Har du som lærling gått vegen og tatt fagbrev beherskar du aluminium - eit metall som vert nytta i dei mest kompliserte, krevjande og avanserte konstruksjonane.

Godkjente lærebedrifter for aluminiumskonstruksjonsfaget